Om GF design
GF design har base i Sandane og er ei einmannsbedrift etablert av Gunnar Fjellestad.
Eg har teknisk bakgrunn som elektroinstallatør der lysplanlegging var ei av hovedoppgåvene. Sidan 2010 har eg vore engasjert i oppussings- programmet Tid For Hjem på TV2. Gjennom desse virka har eg dyrka interessa mi for lys, og opparbeidd meg solid fagkunnskap innan fagfeltet.
Produktdesign
Eg arbeider kontinuerleg med utvikling av nye belysningsprodukt for proff og privatmarknaden. Eg vil utvikle tidlause produkt med karakter og særpreg, og som innehar gode tekniske kvalitetar. Mine produkt er enkle å montere, dei er lett tilgjengelege og har ein fornuftig pris.
Lysdesign
Min motivasjon er å skape solide belysningsanlegg som gjev ein god balanse mellom brukar, rom og lys. Eg vil hjelpe privatpersonar og bedrifter med å ta bevisste val i forhald til eigne ønsker og behov – og tilbyr tenester innan lysdesign. Denne tenesta er landsdekkande og det er ikkje alltid nødvending med befaring. Har du gode teikningar og klare tankar om innhald kan vi kommunisere via telefon og e-post.